Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Om oss / Statsarkivet i... / SAS Privatarkiv nr.430 Hakon Johannesen, Stavanger  

SAS Privatarkiv nr.430 Hakon Johannesen, Stavanger

Hakon Johannessen var ein av dei mest kjende fotografane i Stavanger og mest heile negativarkivet frå perioden 1908-1978 er bevart. Som firmaarkiv er privatarkivet likevel ikkje fullstendig. Det finst ikkje korrepsondanse, rekneskapar, personalarkiv med vidare i arkivet, berre kundeprotokollane og negativarkivet. Størstedelen av negativmaterialet, ca. 250 000 nr., er frå arbeidet i atelieret, men i tillegg til alle portretta, brurebileta og familiebileta finst det også mange oppdragsfotografi for næringslivet og for privatpersonar i Stavanger. Stavanger byarkiv tek vare på eldste delen av firmaarkivet.