Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Om oss / Statsarkivet i Stavanger  

Statsarkivet i Stavanger

Statsarkivet i Stavanger vart etablert i 1970 med Rogaland som ansvarsområde for bevaring og forvalting av arkivmateriale produsert av statlege kontor og institusjonar. Av dei åtte statsarkiva i landet er det Statsarkivet i Stavanger som har engasjert seg sterkast når det gjeld bevaring av fotografisk materiale med privat opphav og også privatarkiv elles.

Det finst også ein god del fotografisk materiale i dei offentlege arkiva ved statsarkivet. Vi kan nemna Vegkontoret i Rogaland som mellom anna har 306 glasnegativ med motiv frå veg- og bruanlegg i fylket frå om lag 1900 og framover og NSB-arkivet (Stavanger distrikt) med fleire tusen fotografi frå jernbanedrifta i fylket etter at Jærbanen opna i 1878. Dessutan finst det fotografisk materiale i saksmappene i politiarkiv og rettsarkiv frå om lag 1935 og framover, men slike arkiv er ikkje tilgjengelege for allment innsyn.

Utgangspunktet for fotoengasjementet på privatarkivområdet var fleire store fotoarkiv og fotosamlingar som kom til statsarkivet i 1970-åra, både frå enkeltpersonar og frå bedrifter og organisasjonar. Nokre vart deponerte eller avleverte som delar av privatarkiv med papirdokument-materiale, andre som reine fotoarkiv eller fotosamlingar. Vi kan nemna dei første private fotoarkiva/fotosamlingane som kom til statsarkivet, ca. 8 000 negativ og positivar frå Anders Bærheim og Gunnar Wareberg, to kjende stavangermenn med bakgrunn i det gamle Dreyer Forlag og Stavanger Turistforening, og arkiva etter tre generasjonar Olaf A. Ellingsen. Statsarkivet har også fleire andre store privatarkiv med fotografisk materiale, som Stavanger Turistforening, Rogaland Teater a/s, Dreyer A/S, Arbeiderbevegelsens Arkiv i Rogaland og den tidlegare hermetikkfabrikken Stavanger Preserving A/S. I seinare år har statsarkivet fått negativarkiva etter mange profesjonelle fotografar i fylket.

I åra etter 1982 kom det i gang eit etter kvart ganske omfattande fotoinnsamlingsarbeid i mange av deltakarkommunane til Interkommunalt Arkiv i Rogaland der statsarkivet vart samarbeidspartnar. Dei kommunale kulturkontora eller folkebiblioteka kjøpte fototenestar av statsarkivet. Registreringsarbeidet skjedde lokalt. Statsarkivet oppbevarer repronegativa for kommunane. No deponerer 14 av kommunane i Rogaland repronegativarkiva sine ved statsarkivet. Ryfylkemuseet har hatt tilsvarande innsamlingsaksjonar i fire Ryfylke-kommunar.

Statsarkivet prioriterte å laga sikringsnegativ av alle spesielt verdfulle positivar og å laga kontaktkopiar av alle glasplater med topografiske motiv til registrerings- og formidlingsbruk. Alle negativ med unntak av dei ti svært store fotograf/atelierarkiva, vert oppbevarte i syrefrie konvoluttar og i stålskap. Negativa i dei store fotograf/atelierarkiva ligg i opphavleg emballasje, vanlegvis i pergamynposar, men alle negativarkiva vert oppbevart i klimastyrt spesialmagasin. Frå 2006 digitaliserer statsarkivet negativmatertialet.

Statsarkivet fekk klimastyrt negativmagasin ved flytting til noverande lokale i 1987. I 2002 vart magasinkapasiteten for negativmaterialet fordobla (to magasin på til saman ca. 60 m2). Magasina held stabil temperatur og RH-verdi (12 grader og 35 % RH). Alt positivmaterialet vert oppbevart i hovudmagasinet til statsarkivet. Dette magasinet har stabile luft- og temperaturtilhøve (ca. 18 grader C og 35 % RH).

Statsarkivet har institusjonsfotograf og fotoarkivar i fast stilling og er fylkesansvarleg kontaktinstitusjon for fotobevaringsarbeidet i Rogaland. Statsarkivet representerer også fotobevaringsnettverket i Rogaland i det nyoppretta nasjonale abm-nettverket for fotografi.

Fotosamlingar

Statens Vegvesen, Rogaland vegkontor

Fotograf: Jens Laurits Arup Bassøe (1853-1946).
Bassøe var tilsett som amtsingeniør i Stavanger amt 1899-1923. Han hadde ansvar for anlegg og vedlikehald av både hovud- og bygdevegane i amtet (Rogaland fylke). Det er 289 bevarte glasnegativ etter Bassøe i arkivet etter Rogaland Vegkontor.

 

NSB Norges Statsbaner, Stavanger distriktskontor

Det er over to tusen negativ, positivar , dias med vidare i arkivet til NSB sitt distriktskontor. Fleire fotografar er representerte, dei fleste utan namn. Fotografia i denne presentasjonen er laga frå glasnegativ.

 

NRK Norsk Rikskringkasting, Rogaland distriktskontor

I arkivet til NRK, Rogaland distriktskontor er det 9 glasnegativ. Fotograf var kanskje Waldemar Eide. Dei ni negativa skriv seg frå ei oppdragsfotografering, truleg etter innflyttinga i det nye distriktskontoret til "NRK – Lokalen" i Solagt. 18, Stavanger i 1930.

 

SAS Privatarkiv nr. 1 Anders Bærheim

Anders Bærheim (1883-1960) var forlags- og trykkerimedarb i Stavanger-firmaet "Dreyers Grafiske Anstalt" (Dreyer A/S) i vel 60 år. Han var ein stor lokalhistorisk samlar. Bærheim var særleg interessert i Stavanger by sin historie. Arkivet hans er eit personarkiv som inneheld både skriftleg og fotografisk materiale, mellom anna 613 negativ, 109 dias og 1818 positivar. Dei fleste fotografia har andre, både amatørar og profesjonelle, teke. Bærheim har berre sjeldan notert namnet på fotografane.

 

SAS Privatarkiv nr. 156 Gunnar Wareberg

Gunnar Wareberg hadde sportsbutikk i Asylgt. 5, Stavanger og var ein ivrig fotograf på fritida. Arkivet hans inneheld både positivar i album, negativane til positivane, notatbøker og skisseblokker med teikningar avisutklipp og informasjon til fotografia. Wareberg var svært interessert i gamle bygningsmiljø i Stavanger og ein ivrig medlem av Stavanger Turistforening. Arkivet hans avspeglar desse to områda. Det inneheld mellom anna ca. 2500 negativ, dei aller fleste plastnegativ, og ca. 2700 positivar.

 

SAS Privatarkiv nr. 135 Stavanger Turistforening

Stavanger Turistforening har deponert den eldste delen av arkivet sitt i Statsarkivet i Stavanger. Dette er eit foreinings- eller helst eit organisasjonsarkiv som mellom anna inneheld ei stor negativ- og positivsamling. Dei aller fleste negativa er frå turar som turistforeininga arrangerte, medan positivane er fotografi som vart brukte i årbøkene til foreininga i 1920- og 1930-åra. Negativmaterialet har tilhøyrt Otto Floor. Mange fotografar er representerte i positivmaterialet, mellom anna Gunnar Wareberg. Slik sett finst mange av fotografia hans i to privatarkiv ved statsarkivet.

 

SAS Privatarkiv nr. 106 Stavanger Totalavholdsforening

Arkivet til Stavanger Totalavholdsforening er eit tradisjonelt foreiningsarkiv som går tilbake til 1859. Arkivet inneheld også fotografisk materiale: 82 positivar og to kassettar med 10x10 cm-dias. Dei aller fleste fotografia er atelierfotografi av ulike styregrupper, sangkor med vidare og fotografi frå turar og landsmøte.

 

SAS Privatarkiv nr.429 Forbruksforeningen Økonom, Stavanger

I arkivet til Forbruksforeningen Økonomi, Stavanger finst det mange fotografi. Dei fleste er atelierbilete av ulike styre, profesjonelle fotografbilete av butikkar og av butikkinteriør.

 

SAS Privatarkiv nr.430 Hakon Johannesen, Stavanger

Hakon Johannessen var ein av dei mest kjende fotografane i Stavanger og mest heile negativarkivet frå perioden 1908-1978 er bevart. Som firmaarkiv er privatarkivet likevel ikkje fullstendig. Det finst ikkje korrepsondanse, rekneskapar, personalarkiv med vidare i arkivet, berre kundeprotokollane og negativarkivet. Størstedelen av negativmaterialet, ca. 250 000 nr., er frå arbeidet i atelieret, men i tillegg til alle portretta, brurebileta og familiebileta finst det også mange oppdragsfotografi for næringslivet og for privatpersonar i Stavanger. Stavanger byarkiv tek vare på eldste delen av firmaarkivet.

 

SAS Privatarkiv nr.405 Olaf A. Ellingsen

Arkivet etter Olaf A. Ellingsen er det største fotofirmaarkivet av privatarkiva ved statsarkivet. Det inneheld minst 500 000 negativ, positivar, og mange 16 mm og 35 mm filmar med motiv frå heile fylket i perioden 1946-1981. Ellingsen produserte også postkort med motiv frå Rogaland. Negativa er bevarte. Misjonshøgskolen i Stavanger, NMS Arkiv, tek vare på alt det fotografiske materialet som Ellingsen produserte for Det Norske Misjonsselskap i Afrika og Asia.

 

Fotoarkiv og fotosamlingar, Statsarkivet

Statsarkivet har både positiv- og negativmateriale som kjem inn under omgrepet samlingar. Dei kommunale repronegativsamlingane er resultat av innsamlingsaksjonar i mange av rogalandskommunane. Biblioteka eller kulturkontora i kommunane har registrert fotografia og tek vare på og formidlar denne informasjonen til publikum. Her viser vi fotografi frå to kommunar, Hå og Rennesøy.