Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Om oss / Ryfylkemuseet  

Ryfylkemuseet

Ryfylkemuseet er regionmuseum for kommunane Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Regionen omfattar, øy-, fjord- og fjell-landskapet i Rogaland og har eit folketal på ca. 30.000.
Hovudsetet til museet er på Sand, men museet er kjenneteikna av at det har mange museumsanlegg som står på sine opphavlege stader kring om i bygdene. Museet har avdelingar i dei fleste kommunane.

Det tidlegare Rogaland Folkemuseum var skipa i 1936. Ryfylkemuseet blei etablert som regionmuseum for Ryfylke gjennom ein avtale mellom styret i det daverande Rogaland Folkemuseum og Rogaland fylkeskommune 21. oktober 1980. Det praktiske arbeidet med utviklinga av museet starta da det blei etablert nytt hovudsete på Sand året etter. Folkemusikkarkivet for Rogaland vart etablert som ein integrert del av Ryfylkemuseet i 1992.

Vi reknar med at museet har ei fotosamling på kring 70.000 nummer. Av desse er 8.500 reprofoto, det vil seia avfotograferingar av eldre bilde. Opplysningar om hovuddelen av reprosamlinga er katalogisert og lagt inn i database. Publikum kan tinga kopiar av foto mot betaling.

Fotosamlingar

Fotoarkiv bygningsvern, Ryfylkemuseet

Ved Ryfylkemuseet pågjekk det i åra 1995-2001 eit omfattande prosjekt om byggeskikk og bygningsvern i Ryfylke. Etter prosjektperioden har arbeidet med bygningsvern blitt ført vidare ved museet, frå 2002 knytta til den nye stillinga som antikvar. Bygningsvernprosjektet har tilført museet eit stort dokumentasjonsmateriale, i form av registreringar, oppmålingar, intervju og ikkje minst foto. Det er tale om 4105 diasar og 1072 fargefoto, til saman 5177 opptak. Fotosamlinga dokumenter ulike sider ved byggjeskikken i Ryfylke og variasjonar innanfor regionen.

Prosjektet utgav i åra 1996-1999 fem rapportar for å formidla resultat av dokumentasjonarbeidet. Det var Bygging med stein, Konstruksjon i tre, Treet som virke, Glas, dører og listverk og Taktekking.

 

Julius Bårdsens fotosamling, Ryfylkemuseet

Julius Bårdsen var bokhandlar på Sand. Han var ein ivrig fotograf og fotosamlar og hadde m.a. fotooppdrag for Rogaland Folkemuseum. Fotoarkivet etter han inneheld både svart-kvitt negativar og positivar, fargefilm negativar og positivar, samt dias. Dessutan er der positivar i sju albumar, innramma foto i ulikt format og ymse lause bilde. Samlinga er sett saman av 1601 svart-kvitt negativar, 903 svart-kvitt positivar, 150 fargenegativar, 108 fargepositivar, 825 diasar og ca. 500 positivar i rammer og albumar, til saman ca. 4100 foto.

Samlinga inneheld både avfotograferingar av eldre foto og foto som Bårdsens har teke sjølv av daglegliv, folk og hendingar på Sand og i Suldal.

 

Widerøe-arkivet, Ryfylkemuseet

Suldal kommune kjøpte Widerøe-arkiva til dei fire tidlegare kommunane Suldal, Sand, Jelsa og Erfjord etter at Widerøe Flyveselskap A/S fusjonerte med flyselskapet Fjellanger i 1973. I 1975 fekk Suldal kommune tilsent 346 fargenegativ og 65 svart-kvittnegativ frå åra 1951-1962. Suldal kommune overførte sidan Widerøe-arkivet til Ryfylkemuseet.

 

Repro- negativarkivet, Ryfylkemuseet

Ryfylkemuseet har hatt fotoinnsamlingsaksjonar i fire kommunar; Suldal, Hjelmeland, Finnøy og Sauda. Innsamlingsarbeidet skjedde i samarbeid med kulturkontoret i kommunane. Dei originale bilda vart lånte av eigarane, avfotograferte med museet sitt utstyr og til slutt leverte tilbake til eigarane. I alt vart det avfotografert om lag 8 500 bilete; om lag 4 000 frå Suldal, 2 400 frå Hjelmeland, 1 400 frå Finnøy og 700 frå Sauda. Negativa etter avfotograferingane er oppbevarte ved Ryfylkemuseet.

 

Archer-arkivet

Archerarkivet er det eldste fotoarkivet eller fotosamlinga ved Ryfylkemuseet. Alice Lima Hay Murray Archer (1855-1936) og familien hennar frå Storbritannia ferierte i Suldal kvar sommar frå 1884 til første verdskrigen braut ut i 1914. Det var laksefisket i Suldalslågen som førte familien til Sand og Suldal. På Sand bygde dei "Rophaug", ein større sommarvilla.

Fru Archer var ein dyktig amatørfotograf. Ho fotograferte familien og lokale gjester på "Rophaug", i Sandsbygda og i Suldal. Familien tok også ut på båttur i Ryfylkefjordane. I 1887-1888 fotograferte fru Archer på tur i Jøsenfjorden og Høgsfjorden, mellom anna i Oltesvik. Motivmessig er dette typiske turistbilete.

Ryfylkemuseet har 7 albumar etter fru Archer med til saman 633 positivar. Desse bileta vart digitaliserte i 2007. Så langt vi veit, er ikkje glasnegativa bevarte i dag. Archerfamilien sitt hus på Rophaug brann under andre verdskrigen. Om glasnegativa frå 1880-åra og seinare fanst i sommarbustaden og ikkje tekne med tilbake til Storbritannia, vart dei truleg øydelagde i brannen.

Sjå nettutstilling med fotografia til Alice Acher