Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Om oss / Jærmuseet  

Jærmuseet

Organisasjonen Jærmuseet er regionalt vitensenter for Sørvestlandet og regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå.
Jærmuseet har meir enn 100 000 foto i ulike samlinga. Dei største samlingane er del av bedriftsarkiv, med Kvernelands Fabrikk AS og Jonas Øglænd AS som dei største. Me har også fotosamlingar knytta til dokumentasjonsprosjekt. Desse samlingane består av eigne foto og repro av foto i privat eige.

Fotosamlingar

Kvernelands Fabrikk

Fotograf Kjell Time var tilsett i bedrifta frå sist på 1950-talet til han blei pensjonist i 1997. Bedrifta laga presentasjonsbrosjyrer og dei ga ut "Ambolten" - eit bedriftsblad som kom med fleire nummer i året. Time leverte foto til katalogar og bedriftsblad. Det blei også samla noko av eldre fotografi.
Her presenterer me eit lite utval frå samlinga.