Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Om oss / Interkommunalt arkiv i Rogaland (IKA)  

Interkommunalt arkiv i Rogaland (IKA)

I 1975 vart Interkommunalt Arkiv i Rogaland (IKA) stifta som den første interkommunale arkivinstitusjonen i landet. I dag er 23 av dei 26 kommunane i fylket medlemmar i IKA. Stavanger og Haugesund har eigne byarkiv.

Interkommunalt Arkiv har nært samarbeid med Statsarkivet i Stavanger. Dette gjeld både for oppbevaring av spesielle typar arkivmateriale som fotografi, magasinsamarbeid elles og samarbeid når det gjeld tekniske tenestar.

Interkommunalt Arkiv og statsarkivet samarbeidde dessutan om lokale fotoinsamlingsaksjonar i fleire av IKA-kommunane i 1982 og seinare år. Kommunane deponerer repronegativarkiva ved statsarkivet. Dette gjeld også Widerøe-flyfotoarkiva frå ein del av medlemskommunane i IKA. Dei fleste kommunane i Rogaland kjøpte dette flyfotomaterialet frå firmaet Fjellanger-Widerøe i midten av 1970-åra. Pr. 2008 har 9 IKA-kommunar deponert Widerøe-arkiva sine (negativ- og positivmateriale) ved statsarkivet.

I arkiva til landkommunane finst det elles svært lite fotografisk materiale for tida før 1960. Skulane bestilte vanlegvis ikkje fotografi av elevane når omreisande skulefotofirma kom på besøk. Landkommunane fotodokumenterte heller ikkje utbyggingsområde og tekniske ute-oppdrag før. Eitt unntak her er gjerne dei lokale elektrisitetsverka. Det finst fleire illustrerte jubileumsbøker for eldre kommunale everk, men nærare undersøkingar viser at fotografia så å seia alltid har privat opphav. Dei er ofte henta frå albumar til tilsette som hadde fotoapparat, og som var interessert i fotografering.

Interkommunalt Arkiv har for lengst ordna og katalogisert alt arkivmaterialet frå tida før kommunesamanslåingane i 1964/1965. I desse arkiva finst det svært lite fotomateriale. Arkiva frå 1970-åra og framover viser ei aukande mengd fotografisk materiale. IKA ordnar og registrerer dette materialet med merknader i arkivlistene og pakkar materialet i spesialemballasje.

Dei største fotoarkiva med kommunal proveniens tilhøyrer Rogaland fylkeskommune. Dette gjeld både arkiv skapte før 1960 og nyare arkiv. For tida før 1960 har dei helseinstitusjonane som fylket overtok etter HVPU-reforma store fotosamlingar i arkiva sine. Dette gjeld først og fremst dei nedlagde institusjonane, Nærlandsheimen og Bakkebø. IKA har ordna desse avslutta arkiva. Arkiva er klausulerte. Fotomaterialet her skriv seg også for det meste frå tida etter 1960.

Fotomaterialet frå dei eldre fylkeskommunale landbruksskulane og husmorsskulane er hovudsakleg elevbilete (montasjar) og nokre få albumar med bilete frå elevtilstellingar i 1970-åra.

Av nyare arkiv ved Rogaland fylkeskommune merkar særleg fylkeskonservator sitt arkiv seg ut. Dette går tilbake til opprettinga av fylkeskonservatorstillinga i 1966 og inneheld ei omfattande fotografi- og diasamling av eldre bygningar og bygningsmiljø i fylket.

Fotosamlingar

Widerøe-arkivet, IKA

Widerøe Flyveselskap A/S - Luftfotografi frå Sandnes kommune

I 1972 sende Fjellanger Widerøe a/s tilbod til 440 kommunar i Noreg om kjøp av flyfotonegativa etter Widerøe Flyveselskap A/S frå åra mellom 1935 og 1972. Tilbodet kom etter at dei to flyfotofirma Widerøe og Fjellanger slo seg saman. Det nye firmaet ønskte då å selja eldre negativarkiv, både svart-kvitt- og fargenegativ. Positivsetta var ikkje komplette. Men kommunane fekk desse med "på kjøpet" når dei bestilte negativsetta.

I 1995 dataregistrerte Sandnes kommune negativarkivet sitt. Dette omfattar perioden 1935-1962. Statsarkivet tek vare på negativarkivet for kommunen, medan kommunen har positivsettet og forvaltar databasen.

Her viser vi eksempel på fire luftfotografi frå Sandnes by: