Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Om oss / Haugalandmuseene, avd. Karmsund folkemuseum  

Haugalandmuseene, avd. Karmsund folkemuseum

Karmsund folkemuseum har fotosamlingar etter profesjonelle fotografar og amatørfotografar. Museet har overtatt samlingane etter fleire som hadde firma ein lengre periode i Haugesund og har i dag om lag 300.000 negativ og positivar etter 12 fotografar.

Fotosamlingar

Margit Petersen A/S

Den største fotoarkivet ved museet er etter fotograf Margit Petersen (1881-1955). Negativarkivet hennar utgjer 97 246 glasplater. Margit Petersen blei utdanna fotograf i Stavanger og Bergen. Frå 1910 styrte ho filialen til stavangerfotografen Hakon Johannessen i Haugesund. I 1926 etablerte ho eige firma som ho dreiv saman med broren Harald til ho døydde i 1955. Harald Petersen heldt fram til 1964 då firmaet vart avvikla. Museet fekk då glasplatearkivet med negativregister og alfabetisk ordna kunderegister.

Den største delen av samlinga er atelierfoto. Men firmaet Margit Petersen A/S var også ute og fotograferte i festlig og offisiell samanheng. Oppdragsfoto for kommunar og bedrifter er også godt representerte i arkivet. Desse viser vi eksempel på her.

 

Ole Olvik

Ole Olvik (1858-1924) etablerte seg som atelierfotograf i Haugesund i 1892 og dreiv firmaet til 1903. Olvik er i dag mest kjent som teosof og som stiftaren av Furuly helseheim på Stord.

Då Olvik budde i Haugesund prøvde han å etablera ein kameraverkstad eller fabrikk saman med Abraham Blixhavn. Karmsund folkemuseum har eit foldeapparat med firmamerket Olviks Karmos Kamera, fabrikert i Haugesund. Bileteksemplet er frå eit av Olviks private albumar som museet har i samlinga. Fredrik Thomas Krogh Monclair (1865-1947) overtok at atelieret etter han. Det er usikkert om det finst materiale etter Olvik i samlinga etter Monclair.

Det nøyaktige talet på positivar og negativ etter Olvik er ikkje kjent enno.

 

Fredric Thomas Krogh Monclair

Fredrik Monclair (1865-1947) var utdanna bokbindar og dreiv eige bokbindarfirma. Frå 1894-1899 gjekk han i fotograflære hos O. Olvik og overtok firmaet hans i 1903. Ei tid dreiv han firmaet under namnet Olviks Eftf. Han slutta av i 1933. Museet har 15.000 glasplater etter Monclair, med journalar for om lag 7.000 av desse. Det er utarbeidd eit alfabetisk namneregister på kort til negativjournalane. Det er usikkert om det finst materiale etter Olvik i samlinga.

 

Thea Larsen

Thea Larsen (1847-1934) var lærarinne og dreiv seinare bokhandel. Bokhandlarane var dei første postkortprodusentane i byen. Thea Larsen var ein av dei. Museet har både landskapsbilde og byprospekt etter Thea Larsen, og også interiør og persongrupper tatt både inne og ute. Arkivet hennar utgjer ca. 180 glasnegativ. Nokre av desse har meir privat karakter.

 

Karmsund folkemuseum - Dokumentasjonsfoto

Museumsstyrar Nils Henrik Tuestad (1905-1989) fotograferte noko sjølv, men hadde med seg lærar Reinhard Huglen, lærar Kristian Bakke og Arne Blixhavn som fotografar når han reiste rundt for å dokumentera jordbrukslandskap og bygningsmiljø i Nord-Rogaland i åra mellom 1945 til ca. 1973. Desse fotografia med negativ til utgjer den eldste dokumentasjons-fotoarkivet til museet. Det endelege talet på negativ er ikkje kjent enno. Materialet er arkivert saman med det skriftlege rapportmaterialet til Tuestad i eit topografisk arkiv med tematisk inndeling.