Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Nettutstillingar / Alice Archer  

Alice Archer

Fotosamlinga etter Alice Archer

Tekst: Trygve Brandal, Ryfylkemuseet.

Alice Archer var ei engelsk kvinne som budde rundt 30 sommarar på Sand i Ryfylke mellom 1884 og 1914. Ho, og spesielt ektemannen Walter Archer, var sterkt interesserte i laksefiske. Dei leigde heile Suldalsvassdraget og reserverte det for sporstfiske. Dei bygde seg sommarhus på Rophaug på Sand og brukte det mykje på sommarstid, til dels også til andre årstider. Archer'ane hadde mykje kontakt med bygdefolket på Sand og i Suldal, ulikt mange andre engelske som ferierte her.

Alice Lima Hay Murray Archer (1855-1936) var ein habil amatørfotograf og fotograferte mykje, både på heimebane på Rophaug og ute på bygda. Ryfylkemuseet har 7 fotoalbumar etter henne med 637 foto til saman. Ho var langtidsturist på Sand, og hennar foto kan sjåast på som "Turistens bilder". Gjennom hennar foto har vi ein omfattande dokumentasjon av bygdalivet på Sand, i Suldal og kringom fleire andre stader i Ryfylke. Bilda er fotograferte i tidsromet 1885-1914. Dei er dermed truleg det eldste vi har av omfattande dokumentasjonsfoto frå Rogaland, og mellom dei eldste større fotosamlingane som finst på nasjonalt plan frå dette tidsromet.

Familien Archer

Walter og Alice Archer gifte seg i 1878, 23 år gamle. Dei fekk seks born. Det var Edward f. 1879, Harold f. 1880, Olive f. 1882, tvillingane Ruth og Esther f. 1886 og Norman f. 1892.

Familien Archer oppstilte for fotografering. Bildet er truleg teke like før 1900 og syner Alice og
Walter med fem av dei seks borna sine. Truleg er det eldstemann Edward som ikkje er til stades.
Frå venstre: Ruth, Harold, yngstemann Norman, Alice og Walter, Esther, som var tvillingsøster til
Ruth og Olive til høgre.

Walter og Alice Archer i eldre år i hagen på Rophaug.

........

Alice Archer var ikkje berre interessert i fotografering. Ho hadde også stor interesse for hagearbeid, og den fine hagen på Rophaug var det ho som stod for, sjølv om ho hadde tenarhjelp til å få gjort arbeidet. Den snaue tomta klarte ho å kle med mange slags tre og blomar. Det blomstra frå tidleg om våren til seint på hausten. Her er ho i arbeid i hagen ein sommardag i 1913.

 

Interessa for elvefiske gjekk i arv i Archer-familien. Her har "Miss Esther" (f. 1886) vore av stad og fiska seg ein ørret på 2,5 kilo, eller ein "5 1b. trout" som teksten under bildet frå 1913 seier.

Walter E. Archer døydde på Sand i 1917, 62 år gammal, og vart gravlagd på Sand kyrkjegard.
Det var midt under verdskrigen, så det kom ingen frå England i gravferda. Men sonen Normann
kom frå St. Petersburg, der han tenestegjorde ved den engelske ambassaden. Her blir Archers
båre køyrd frå Rophaug på gravferdsdagen den 23. august 1917. Til venstre står den engelske
presten Mooney, som kom frå Oslo og stod for den kyrkjelege seremonien saman med sokneprest
Sigved S. Gramstad.

Rophaug

Tenarskap

Hageselskap på Rophaug

Dei engelske

Laksefiske

Sand

Suldal

Jøsenfjorden

Andre stader