Fotonettverk Ro... / Historia / 3.2. Atelierfotografar  

3.2. Atelierfotografar

Oppsvinget innan den nye profesjonen med fast etablerte fotografar i byane i 1860-åra var resultat av våtplateteknikken og introduksjonen av det fotografiske visittkortet. Med denne fotografitypen smelta to eldre, borgarlege tradisjonar saman; portrettmaleriet og visittkortet.

Visittkortbileta var atelierportrett tekne av profesjonelle fotografar. Bileta hadde visittkortformat (ca. 6x9 og 6x10 cm) og vart kleba på stiv kartong. Hensikten var frå først av at visittkortbiletet skulle erstatta det tradisjonelle visittkortet. Dei eldste bileta var svært enkle. Dei viser personar som var kledde for å gå på visitt. Seinare vart utstyret i atelieret kring den fotograferte stadig meir rikt og fantasifullt. Store einstypeseriar, til dømes brurebilete frå 1870-åra og framover mot 1920, viser korleis ateliera var innreia med spesielle fondvegger og rekvisittar, og korleis motane skifta på desse områda gjennom tiåra. Dette gjeld også den typografiske presentasjonen av fotografen og firmaet hans på biletkartongen.

Etter kvart som våtplatene utkonkurrerte daguerreotypiet, vart det rimelegare å fotografera seg enn tidlegare. Våtplateteknikken som vart introdusert i 1851, var ikkje på langt nær så kostbar som daguerreotypiteknikken. Men denne fotograferings-metoden var faktisk meir utstyrs- og arbeidskrevande enn daguerreotypimetoden. Glasplatene måtte preparerast med våt emulsjon på overflata rett før fotograferinga. Dette måtte fotografen gjera sjølv. Negativa måtte også framkallast rett etter fotograferinga. Dermed måtte fotografen alltid ha mørkeromstelt med seg når han fotograferte ute. Dei omreisande fotografane måtte ha med seg både kamera, mørkeromstelt og utstyr elles.

For kundane førte den nye teknikken til at det vart slutt på dei spegelvende bileta, og fotografane kunne laga mange kopiar av kvart bilete. Kollodiumsnegativen kunne nemleg kopierast i ubegrensa tal. Papirkopiane var eigenleg kontaktkopiar av glasnegativet.

Det fotografiske visittkortet laga på grunnlag av kollodiumsnegativen, vart introdusert i Noreg i slutten av 1850-åra. I 1862 slo visittkortportretta gjennom og vart den store moten i landet. Faktisk vart visittkortfotografering ein av dei første store, nasjonale motane i Noregs-historia. På landsbasis var visittkortportretta den mest utbreidde fotografitypen før 1920. Denne masseproduksjonen førte til at yrkesgruppa fotografar nærast eksploderte i byane, og dermed til at prisane gjekk kraftig ned, særleg i 1870- og 1880-åra. Konkurransen mellom fotografane førte også til at dei oppsøkte kundane sine sjølv som omreisande fotografar, såkalla reisefotografar.

Visittkortbileta representerer ei viktig gruppe i portrettfotografiet si historie. Dei første portretta skulle få personane til å likna ideal. Seinare skulle bileta vera karakteristiske portrett. Denne motivgruppa, portrettet som masseartikkel, enda som passfotografi i 1930-åra, mellom anna som polyfoto med 48 fotografi pr. glasplate. Denne nye moten vart konkurrent til dei tradisjonelle portretta frå dei etablerte fotografane.

Sjølv om atelier- eller studiofotografane hadde langt fleire oppdragstypar i 1930-åra og seinare enn 1800-tals fotografane, var det likevel færre etablerte fotografar i byane då enn på 1800-talet. Slik var det også i Stavanger.

Atelierfotografar i Stavanger før 1960

05. oktober 2007

Stavanger var ein av dei første byane i landet som fekk etablerte atelierfotografar. Den første, kjende daguerreotypisten i Stavanger, vart nemleg også den første etablerte fotografen i byen. Dansken Hans P. Thykier som var innom på det som skulle vera ein kort visitt i 1853, vart verande i fleire år og...

Les meir...

Atelierfotografar i Egersund og Dalane før 1960

05. november 2007

Når det i dag finst langt fleire atelierportrett frå 1880-åra enn frå 1870-åra, er ikkje dette berre resultat av betre kommunikasjonar og lågare prisar. Det er også resultat av at fotografar etablerte seg andre stader enn i Stavanger. I sørfylket var mange innom Egersund i korte periodar før byen fekk den først...

Les meir...

Atelierfotografar i Haugesund og Karmsund-regionen før 1960

05. november 2007

Haugesund fekk bystatus i 1854. I motsetning til Egersund var dette ein ”ny” by. Det rike vårsildfisket ved kysten var medverkande til at byen voks fram.

Haugesund og Sandnes er dei to byane i Rogaland som kan fotodokumenterast så å seia like frå dei vart grunnlagde i 1854 og 1860. Dei første nasjona...

Les meir...

Atelierfotografar i Sandnes og på Jæren før 1960

05. november 2007

Sandnes fekk bystatus i 1860, seks år etter Haugesund. Dette var dei to "nye" byane i fylket. Egersund og Stavanger var dei to gamle byane. Sandnes låg ikkje i leia for kystruta. Så langt vi veit, førte heller ikkje opninga av Jærbanen i 1878 til at framande fotografar gjesta Sandnes. Dei første store...

Les meir...

Atelierfotografar i Ryfylke før 1960

05. november 2007

På 1800-talet fanst det ikkje nokon tettstad i Ryfylke med stort nok kundegrunnlag for ein bufast atelier- eller portrettfotograf. I så fall måtte dette vore strandstaden Sand. Bevarte atelierportrett frå 1800-talet i privat eige i Ryfylke er ikkje granska systematisk enno.Desse vil gje svar på kor folk...

Les meir...