Fotonettverk Rogaland - eit samarbeidstiltak på tvers av institusjonsgrenser
Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger
Fylkesfotonettverk Rogaland har hatt eit treårig bevaringsprosjekt. Nettverket fekk støtte frå ABM-utvikling i åra 2006-2008 til ein prosjektkoordinatorstilling. Harald Hognerud arbeidde som prosjektkoordinator frå 1. mai 2007 til 1. august 2009. Prosjektperioden vert formelt avslutta i desember 2010.
Statsarkivet i Stavanger er fylkesansvarsinstitusjon for fotobevaringsarbeidet i Rogaland. Lisabet Risa fungerte som prosjektleiar. Som fotoarkivar ved statsarkivet har ho ansvaret for fotohistorisk kompetanse i fylket.
Statsarkivet i Stavanger har hatt arbeidsgjevaransvar for Hognerud, men han arbeidde ved 12 institusjonar i nettverket. Han samordna det praktiske fotobevaringsarbeidet ved institusjonane, deltok i digitaliserings- og registreringsarbeidet og la til rettes for felles søk i dette materialet.
I 2007 og 2008 fekk Fylkesfotonettverk Rogaland støtte frå Rogaland fylkeskommune til etablering av felles heimeside for nettverket. Nettsida www.fotonettverk-rogaland.no opna i april 2008.
Søkeportalen på nettsida er ein del av det treårige prosjektet som vert avslutta i 2010. Me arbeider nå med å finna ei meir permanent løysing for å finansiera aktiv drift og vedlikehald av nettsida. Dessutan er det målet vårt at alle institusjonane i nettverket vert representerte i samsøket.
Arkiv og museum samarbeider
Fylkesfotonettverk Rogaland er eit samarbeidsprosjekt mellom alle større museum og alle arkivinstitusjonane i Rogaland. Dette er dei fem regionmusea Dalane Folkemuseum, Haugalandmuseene, Ryfylkemuseet, Jærmuseet og Stavanger Museum, dei tre kommunale arkivinstitusjonane Stavanger byarkiv, Haugesund byarkiv og Interkommunalt Arkiv i Rogaland, Statsarkivet i Stavanger, dei to store spesialmusea i fylket; Norsk Oljemuseum og Arkeologisk museum UiS og Misjonsarkivet ved Misjonshøgskolen i Stavanger.
Før etableringa av nettverket i 2004 utførte prosjektleiaren ei kartlegging av alt fotografisk materiale ved institusjonane. Dette materialet fungerer som arbeidsdokument for dei som arbeider med eldre fotografisk materiale ved institusjonane, og er grunnlagsmaterialet for den felles fotografihistoria. Eit av fleire konkrete resultat av prosjektarbeidet er nemleg at alle institusjonane har fått ei fotografihistorie for Rogaland som praktisk oppslagsbok til internt bruk saman med ein presentasjon av alle fotoarkiva og fotosamlingane ved alle bevaringsinstitusjonane i Rogaland.
Det fotografiske materialet i museums- og arkivinstitusjonar
I utgangspunktet har arkiv og museum hatt ulik ståstad når det gjeld synet på fotografisk materiale. Tradisjonelt har ingen vore særleg bevisste på at fotografi er dokumentmateriale som høyrer til i ein arkivsamanheng.
Det fotografiske materialet ved bevaringsinstitusjonane kan delast i tre hovudgrupper. Det er viktig å skilja mellom desse tre ulike gruppene med fotoarkiv eller fotosamlingar:
1. Fotografisk materiale i dokumentasjonsarkiv
Med fotografisk materiale i dokumentasjonsarkiv meiner vi for det første materiale som dokumenterer produksjon, arkiv eller samlingar ved institusjonen. Gode eksempel er fotografia til gjenstandskatalogen ved eit museum og fotografi som dokumenterer arbeidsprosessar i samband med konservering av gjenstandar eller arkivmateriale, eigenproduserte utstillingar og publikasjonar. Dei fleste musea har også arkiv som dokumenterer eksterne interesseområde og arbeidsprosessar. Dei har også fleire prosjektarkiv som er resultat av ulike typar av samtidsdokumentasjon innan aktuelle fagområde. Alle større museum har slike dokumentasjonsarkiv som inneheld både fotografisk og skriftleg materiale. Desse enkeltarkiva utgjer delar av det samla arkivet til institusjonen.
2. Fotografisk materiale i offentlege arkiv
Ein offentleg arkivinstitusjon, statleg eller kommunal, har etter Arkivlova plikt til å ta vare på fotografisk materiale som finst i dei arkiva institusjonen forvaltar. Dette kan vera både eigenproduserte fotografi der negativmaterialet også er bevart, eller bestillingsfotografi som eksterne fotografar produserte for ein institusjon. I så fall finst som oftast ikkje negativa i arkivet. Fotografisk materiale i offentlege arkiv står så å seia alltid i nær samanheng med det skriftlege materialet. Eit godt eksempel er fotografia som viser utbygginga av dei offentlege hamneanlegga i landet vårt i andre halvparten av 1800-talet og fotografia i saksmappene i politi- og rettsarkiva. Alle statsarkiv har denne type fotografisk materiale i retts- og politiarkiva sine, men desse går naturleg nok ikkje tilbake til 1800-talet. Fotomaterialet frå utbygginga av hamner og av kommunikasjonsnettet generelt i landet vårt finst vanlegvis berre i det aktuelle departementsarkivet i Riksarkivet.
3. Fotografisk materiale i ulike typar privatarkiv
Dei fleste bevaringsinstitusjonane har fotomateriale med privat opphav. Dette kan vera enkeltbilete som store fotografi i glas og ramme, albumar med visittkortfotografi, albumar med amatørfotografi, negativsamlingar, eller større fotografarkiv. Dette er materiale som institusjonane har fått som gåve, eller det er deponert ved institusjonen.
For fylkesfotonettverket er det dette fotografiske materialet under punkt 3 som er det viktigaste samarbeidsområdet. Fotografisk materiale som høyrer til under punkt 1, utgjer for ein stor del av eigenprodusert dokumentasjonsmateriale. Derfor er dette ein del av internarkivet til den enkelte institusjonen. Fotografisk materiale under gruppe 2, høyrer til under offentleg bevaringsarbeid definert av Arkivlova. Før i tida tok dessverre ikkje alltid statlege institusjonar og kontor like godt på det fotografiske materialet sitt som på det skriftlege. Det hende meir enn ein gong at statlege institusjonar gav bort fotografisk materiale til museum eller lokale samlingar. Dermed mista det fotografiske materialet som oftast den skriftlege informasjonen.
Denne type oppsplitting av arkiv er uheldig, både for materialet sjølv, for brukarane og ikkje minst når det gjeld å sikra best mogleg kunnskap om fotografia for ettertida. I dag er det sjeldan at slikt skjer.
Men det er særleg under gruppe 3 det finst mange delte arkiv. Erfaringa vår frå Rogaland er at svært mange privatarkiv er delte. Eit museum kan for eksempel ha det fotografiske materialet som høyrer til arkivet og ein arkivinstitusjon det skriftlege materialet. Dette gjeld for både firmaarkiv, organisasjonsarkiv, foreiningsarkiv og andre typar privatarkiv. Derfor er denne type nettverkssamarbeid som vi har etablert her i Rogaland, ein effektiv måte å føra saman att, om ikkje alltid fysisk, arkiv som er delte mellom fleire institusjonar.
Fotobevaring og privatarkivbevaring - eit fellesprosjekt
Alle typar bevaringsinstitusjonar bør registrera det fotografiske materialet sitt med privat opphav, ikkje som enkeltfotografi eller som gjenstandar, men først på arkivskaparnivå som arkiv eller som samling, deretter på serienivå, og til sist på dokumentnivå, med andre ord det enkelte fotografiet.
Dei 14 institusjonane i Fotonettverk Rogaland har i første omgang samarbeidd om komplettering av arkiv med fotografisk materiale. Vi har også kartlagt det eldre fotografiske materialet i fylket, og vi vil utarbeida ein verneplan for eldre fotografi i arkiv og samlingar med privat opphav.
For fotonettverket er dette første steget på vegen til eit aktivt vernearbeid i ein endå større, men naturleg samanheng, eit vernearbeid der både fotografi og skriftlege dokument eller tekstdokument høyrer saman. Det er målet vårt at neste steget vert ei ein organisert verneplan for dei eldre privatarkiva, både med og utan fotografisk materiale. Med Fotonettverk Rogaland har vi etablert ei plattform for det vidare samarbeidet om alle typar privatarkiv ved bevaringsinstitusjonane i fylket vårt.
Institusjonane i Fotonettverk Rogaland
|
Regionmusea: |
Etableringsår |
|
Stavanger Museum |
1877 |
|
Dalane Folkemuseum |
1910 |
|
Karmsund folkemuseum |
1925 |
|
Ryfylkemuseet |
1981 |
|
Jærmuseet |
1985 |
|
Spesialmusea: |
|
|
Arkeologisk museum Universitetet i Stavanger |
1975 |
|
Norsk Oljemuseum |
1981 |
|
Rogaland kunstmuseum |
1992 |
|
Arkivinstitusjonane: |
|
|
Haugesund byarkiv |
1929 |
|
Stavanger byarkiv |
1973 |
|
Interkommunalt arkiv i Rogaland |
1975 |
|
Statsarkivet i Stavanger |
1970 |
|
Private institusjonar: |
|
|
NMS Arkiv (Misjonshøgskolen i Stavanger) |
1842 |