Fotonettverk Ro... / Fotonettverk Rogaland  

Fotonettverk Rogaland

Fylkesfotonettverk Rogaland er eit samarbeidsprosjekt mellom alle større museum og alle arkivinstitusjonane i Rogaland. Dette er dei fem regionmusea Dalane Folkemuseum, Haugalandmuseene, Ryfylkemuseet, Jærmuseet og Museum Stavanger AS, dei tre kommunale arkivinstitusjonane Stavanger byarkiv, Haugesund byarkiv og Interkommunalt Arkiv i Rogaland, Statsarkivet i Stavanger, dei to store spesialmusea i fylket; Norsk Oljemuseum og Arkeologisk museum UiS og Misjonsarkivet ved Misjonshøgskolen i Stavanger.

I åra 2006-2008 fekk nettverket prosjektstøtte frå ABM-utvikling til ei koordinatorstilling for samordning av det praktiske fotobevaringsarbeidet og utarbeiding av felles rutinar innan digitaliserings- og registreringsarbeidet ved institusjonane. Målet var å utvikla ein modell for samsøk i det registrerte fotomaterialet ved institusjonane i nettverket. Nå har vi nådd den første milepælen:

Samsøkportalen opna 24. mars 2010. Her kan alle sjå på fotografi frå desse institusjonane i nettverket: Oljemuseet med 12 345 foto, Haugalandmuseene med 1000, Ryfylkemuseet med 634 og Jærmuseet med 2000 foto.

Det er to søkeinngangar i høgre feltet her på sida vår. Den eine, Søk i nettsida, brukar du når du leiter etter aktuell informasjon på sjølve nettsida. Den andre, Søk i bildedatabase, er inngangen til alle dei 15 979 fotografia du kan velja mellom. Søkeordet kan vera eit stadnamn, emneord, fotografnamn eller eit anna ord. Det vil etter kvart koma fleire fotografi på søkeportalen.

Les meir

      
Institusjon: Haugesund byarkiv
Fotosamling: Parksjefens arkiv, Haugesund byarkiv
Bildetittel: HB-Torgbakken 1992



Arkiv: Haugesund byarkiv: Parksjefens arkiv.
Fotograf: Ukjent.
År: 1992.
Stad: Haugesund.
Motiv:: Gatemiljø, Torgbakken, august 1992.
HB-Torgbakken 1992