Archer-arkivet
Archerarkivet er det eldste fotoarkivet eller fotosamlinga ved Ryfylkemuseet. Alice Lima Hay Murray Archer (1855-1936) og familien hennar frå Storbritannia ferierte i Suldal kvar sommar frå 1884 til første verdskrigen braut ut i 1914. Det var laksefisket i Suldalslågen som førte familien til Sand og Suldal. På Sand bygde dei "Rophaug", ein større sommarvilla.
Fru Archer var ein dyktig amatørfotograf. Ho fotograferte familien og lokale gjester på "Rophaug", i Sandsbygda og i Suldal. Familien tok også ut på båttur i Ryfylkefjordane. I 1887-1888 fotograferte fru Archer på tur i Jøsenfjorden og Høgsfjorden, mellom anna i Oltesvik. Motivmessig er dette typiske turistbilete.
Ryfylkemuseet har 7 albumar etter fru Archer med til saman 633 positivar. Desse bileta vart digitaliserte i 2007. Så langt vi veit, er ikkje glasnegativa bevarte i dag. Archerfamilien sitt hus på Rophaug brann under andre verdskrigen. Om glasnegativa frå 1880-åra og seinare fanst i sommarbustaden og ikkje tekne med tilbake til Storbritannia, vart dei truleg øydelagde i brannen.



