Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Kven er vi? / Museum Stavanger AS  

Museum Stavanger AS

Museum Stavanger AS oppstod 1. juli 2010 ved konsolideringen av Stavanger Museum og Rogaland Kunstmuseum.

Tidlegare Stavanger Museum, etablert 1877, var det eldste museet i fylket. Museet har gitt ut eiga årbok sidan 1891 og informasjonsavisa Museums-Tidende med fire nummer årleg frå 1991 til museet etablerte eiga nettside.

Dei første tiåra samla museet gjenstandar innafor områda arkeologi, zoologi, etnografi og kulturhistorie. I dag er Museum Stavanger AS region- og ansvarsmuseum for Stavanger kommune. Men det finst gjenstandsmateriale frå heile fylket ved museet sidan dette er den eldste offentlege bevaringsinstitusjonen i Rogaland, og sidan museet i mange år hadde eit generelt fylkesansvar.

Sjølv om Museum Stavanger AS no er eitt av fem regionmuseum, er det også eit spesialmuseum med eit generelt ansvarsområde innafor områda zoologi, sjøfart og hermetikkindustri. Fleire fagavdelingar ved museet har fotografisk materiale i privatarkiv eller som samlingar. Dei tre avdelingane med det mest omfattande fotomaterialet er Stavanger bymuseum (tidlegare Kulturhistorisk avdeling), Stavanger sjøfartsmuseum, stifta som eiga avdeling i 1926, og Stavanger skolemuseum (tidlegare Vestlandske Skolemuseum). Skolemuseet vart ein del av Stavanger museum frå 2008.

Alder og spesialområde avspeglar også fotoarkiva og fotosamlingane ved museet. Det finst fotomateriale frå heile fylket ved Stavanger bymuseum, først og fremst dokumentasjonsfoto av gjenstandar og bygningsmiljø frå perioden etter 1537. Stavanger bymuseum og Arkeologisk museum i Stavanger har dei to eldste dokumentasjonsarkiva av musea i fylket. Arkeologen Anton W. Brøgger som var direktør ved dåverande Stavanger Museum i åra 1909-1913, fotograferte f. eks. eldre bygningsmiljø i Rogaland i 1910 og 1913, særleg kyrkjer, både interiør og eksteriør. Desse negativa utgjer no eldste delen av dokumentasjonsarkivet ved Stavanger bymuseum.

Arkeologisk museum i Stavanger fekk sin del av dokumentasjonsarkivet med seg då museet vart skilt ut som sjølvstendig institusjon i 1975. Dette arkivet står i ein klasse for seg når det gjeld eldre fotografisk materiale ved musea.

Det systematiske fotobevaringsarbeidet ved dåverande Stavanger Museum tok til i 1981 etter retningslinjer og utstyr frå dåverande SFFR, Sekretariatet for fotoregistrering. Årsmeldingane til museet frå 1981 og framover har felles presentasjonar av fotobevaringsarbeidet ved dåverande Kulturhistorisk avdeling og Stavanger Sjøfartsmuseum. I 1980-åra utførte dei to avdelingane fleire fellesprosjekt med reprofotografering av innlånt, privat fotomateriale, mellom anna fotografi frå andre verdskrigen og frå frigjeringsdagane i mai 1945 til utstillinga "Da freden kom" (1985).

Stavanger bymuseum

Stavanger bymuseum tek i prinsippet vare på alle typar fotografisk materiale med kulturhistorisk innhald. Avdelinga har fleire store fotoarkiv, som Thor B. Kielland-arkivet (glasnegativ som går tilbake til ca. 1912), ei stor portrettsamling etter familien Kielland, ei stor album- og negativsamling etter familien Berentsen på Breidablikk, K. K. Kleppe-arkivet med ca. 11 500 glasnegativ for å nemna nokre av arkiva og samlingane.

Det eldste dokumentasjonsarkivet til museet er bygt opp av positivar som høyrer til det eldre korrespondansearkivet ved avdelinga. Båe er ordna topografisk og etter same emneinndeling.

Stavanger bymuseum har også eit nytt dokumentasjonsarkiv med fotomaterialet som er produserte internt ved tre av avdelingane ved museet i 1980-åra og framover. Dette utgjer ein nyare del av dokumentasjonsarkivet til bymuseet og Stavanger naturhistoriske museum og til Norsk hermetikkmuseum. Det aller meste av materialet er frå Stavanger bymuseum, mellom anna gjenstandsfotografi og fotografi frå museet sine eigedomar Ledaal og Breidablikk.

Stavanger sjøfartsmuseum

Stavanger sjøfartsmuseum tek i prinsippet vare på alle typar fotografisk materiale og har fleire større fotografarkiv, som negativarkiva etter Julie Lund, Steinkopf Wold, Jan Greve og Erling Søiland. Sjøfartsmuseet prioriterer materiale tilknytta skip og sjøfart og har privatarkiv med samlingar av foto og data av om lag 25 000 fartøy i internasjonal skipsfart, hovudsakleg frå perioden 1970-1998, større rederiarkiv som Sigval Bergesen d.y. og fotografi-delen av arkivet etter Det Stavangerske Dampskibsselskab.

Sjøfartsmuseet har også eit stort eigenprodusert dokumentasjonsarkiv. Denne avdelinga ved Museum Stavanger AS har nemleg i lang tid prioritert ei aktiv dokumentasjons-fotografering og har bygt opp eit stort fagarkiv over skip og sjøfart generelt. Sidan 1997 har museet arbeidd med det store prosjektet Rogalandsbåtar. Til dette har museet etablert ein stor database med fotografi (dias og digitale foto) og skriftleg informasjon om opne robåtar, mindre motorbåtar og båtbygging i fylket.

Norsk hermetikkmuseum

Norsk hermetikkmuseum vart etablert i 1982. Museet har ikkje eldre fotoarkiv men enkeltfotografi, film (levande bilete) frå sardinproduksjonen hos Stavanger Preserving i 1949 og 21 nyare opplysnings- og reklamefilmar frå hermetikkindustrien i Stavanger. Museet deponerte desse filmane ved Stavanger byarkiv i 1983 og 1989. Hermetikkmuseet har også eit stort eigenprodusert dokumentasjonsarkiv, eit diasarkiv over hermetikketikettar.

Stavanger skolemuseum

Stavanger skolemuseum vart etablert i 1925 som spesialmuseum for skulehistorie i Rogaland fylke, under navnet Vestlandske Skolemuseum. Målet var å visa utviklinga i grunnskulen frå 1700-talet og fram til i dag. Gjenstandsmaterialet er ulike typar pedagogisk materiale som lærebøker og plansjar, skuleinventar og elevarbeid som teikningar, sløydgjenstandar og handarbeid. Museet har ei stor samling eldre skulebøker og anna pedagogisk litteratur og ei stor lydbandsamling. Frå 1984 har museet gitt ut eiga årbok. I 1985 vart samlingane flytta til den gamle skulebygningen ved Kvaleberg skole i Hillevåg der museet vart opna offisielt i 1987. Museet skifta navn til Stavanger skolemuseum 1. juli 2010.

Størsteparten av det fotografiske er materialet er dias-seriar og filmar til undervisningsbruk. Den nest største gruppa er dokumentasjons-bilete (gjenstandar og aktivitetar ved museet), særleg frå 1960-åra og framover. Museet har dessutan ei samling skulebilete (elevbilete), portrett og andre bilete med privat opphav.

Skulemuseet har fem typar fotomateriale teknisk sett: Positivar, negativ, hovudsakleg plastnegativ i svart-kvitt og farge frå 1960-åra og framover, eldre diapositiv (glas), nyare dias (plast) og levande film (svart/kvitt). Tematisk kan fotomaterialet delast i tre hovudgrupper: Dokumentasjonsfoto der det aller meste er frå etter 1960, skule- og elevbilete (gåver o.a. frå skular og private) og eldre dias og levande film til undervisningsbruk.

Det er denne siste gruppa er spesiell for skulemuseet samanlikna med andre bevaringsinstitusjonar i fylket. Dei mange film, dias og diapositivsamlingane tek opp ulike tema, som f. eks. seriane på 2654 diapositivar frå Nylund skole i Stavanger frå 1915-1945. Dias-seriane har ulikt opphav. Fleire er produserte av A. Seemann i Leipzig og høyrer til "Nerlien Lysbilledserie". Skulemuseet har også 350 filmar frå Rogaland Skolefilmcentral.

Fotosamlingar

Hakon Helland, Stavanger bymuseum

Hakon Helland var fiskeeksportør i Stavanger, men også en ivrig fotograf som etterlot seg en større glassnegativsamling. Hans motiver dreier seg mye om folkeog gateliv i Stavanger og kjente steder som torget, Vålandstårnet med videre.

 

Gudny Groth, Stavanger bymuseum

Gudny Groth var lærerinne og senere skolebestyrerinne og medeier i Platou Skole. Hun bodde i en leilighet på Ledaal, antakelig fra før 1900. Glassnegativsamlingen hennes ble funnet på loftet på Ledaal. Den inneholder mange foto fra "privatlivet" på Ledaal på begynnelsen av 1900-tallet, men også foto fra barnelek, kaffeselskap med videre.

Wibeke Kloster (f. Kielland), som vokste opp på Ledaal, forteller om Gudny Groth: "Tante var en ivrig og utrettelig fotograf. Alle bildene vi har fra barndommen, har hun tatt med et gammeldags kasseapparat med plater. Hun hadde mørkerom og fremkalte og kopierte selv". (Wibeke Kloster, "Siste generasjon på Ledaal", s.23).

Gudny Groth var datter av apoteker Groth, bror til Dina Groth som drev fotoforretning i Stavanger ca. 1865-1874. I sin forretning (Apoteket Hygea) solgte Groth fra 1860-årene og framover kjemikalier, albuminpapir og utstyr ellers til fotografene.

 

Anton Wilhelm Brøgger, Stavanger bymuseum

Anton W. Brøgger var arkeolog og direktør ved Stavanger Museum 1909-1913. Han fotograferte bl.a. eldre bygningsmiljø i Rogaland i 1910 og 1913, særlig kirker (både interiør og eksteriør). Disse negativene utgjør den eldste delen av dokumentasjonsarkivet ved Kulturhistorisk avdeling.

 

Thor B. Kielland, Stavanger bymuseum

Thor B. Kielland begynte å fotografere allerede i 16-årsalderen. Da var det interiør og innbo på Ledaal som stod i hans fokus. Samlingen etter ham består av glassnegativer, hovedsakelig motiver fra Ledaal, gjenstander på Stavanger Museum, gatebilder fra Stavanger, og spesielle hus i Stavanger og omegn, f.eks. Sølyst, Engelsminde og Køhler-huset i Hillevåg.

 

Breidablikk - familien Berentsen, Stavanger bymuseum

Samlingen etter familien Berentsen på Breidablikk består av glassnegativer og album med mange motiver fra familie- og selskapsliv, hovedsakelig på Breidablikk og på Orre, hvor de hadde landsted. Albumene, som dekker perioden ca. 1902-1937, inneholder mye av de samme motivene som glassnegativene. Bildene er tatt av forskjellige familiemedlemmer/venner.

 

Kielland-familien, Stavanger bymuseum

Samlingene etter Kielland-familien består av diverse portretter av medlemmer av familiene Kielland og Bendz. Disse er for det meste atelierfoto i visittkortformat, tatt hos ulike fotografer. Blant samlingene finnes også to av de få bevarte daguerrotypiene i Rogaland, nemlig av Jacob Kielland og hans kone Thora Margrete Kielland (f. Bendz), fra ca. 1850 og ca. 1860.

 

Julie Lund, Stavanger sjøfartsmuseum

Julie A. Lund (1867- 1917)

Julie A. Lund sine fotografier ved Stavanger sjøfartsmuseum utgjør bare en liten del av det som var negativarkivet hennes. Det ble funnet en kasse med glassnegativ på loftet i huset hennes. Disse ble avlevert til museet i 1981. Samlingen består av 323 bilder, hvorav de fleste er tatt mellom 1900- 1910. De aller fleste er glassnegativer, men det finnes også noen få positiver.

Det er tre hovedmotiver som går igjen i samlingen. Den første motivtypen er atelierportretter. Mange er selvportretter av fotografen og hennes søster, samt av annen nær familie. Julie A. Lund har også tatt interiørbilder av familier i bestestuene deres, samt interiørstilleben. Den siste motivtypen viser familier stilt opp utenfor husene sine. Dette kan tyde på at hun har vært oppdragsfotograf i Stavanger og i tidligere Hetland kommune (flere foto fra Tasta- og Dusavikområdet). Det er uvisst om Julie A. Lund hadde eget atelier, eller om hun arbeidet for andre. Muligens var hun bosatt i Ålesund i en periode.

 

Steinkoph Wold, Stavanger sjøfartsmuseum

Anton Theodor Steinkopf Wold (1875- 1966)

Stavanger sjøfartsmuseum har en samling på 2005 glassplatenegativer etter A. T. Steinkopf Wold. Han hadde lokaler i Kirkegaten 3 fra 1903 frem til han overtok atelieret etter Einar Oulii i Kongsgt. gate 30 i 1907. De fleste negativene ved sjøfartsmuseet, kan dateres til perioden 1904-1920. Steinkopf Wold var omreisende landskapsfotograf. Han samarbeidet med sin bror om å ta fotografier over store deler av Vestlandet og hadde også en omfattende prospektkortproduksjon. Steinkopf Wold og broren fotograferte mange steder på Sunnmøre i tiden mellom 1906-1915. Aalesunds Museum har en samling fotografier som ble tatt på disse reisene.

Negativene etter Steinkopf Wold ved Stavanger Sjøfartsmuseum består i stor grad av portretter (eksteriør). Dette er oppdragsfotografier med flere personer på hvert bilde, og fotografiene er tatt utendørs. Noen viser personer som utfører yrkene sine. Det er blant annet flere bilder av drosjesjåfører tatt ved Breiavatnet, bilder av bakere og av fabrikkarbeidere. Det er også en god del bilder som viser gårdsbruk og bolighus ellers. Bildene er tatt langs store deler av Vestlands-kysten. Familiene er ofte stilt opp utenfor husene sine. Ofte er også "prestigegjenstander" som hester, okser/kyr eller sykler med på bildet.

En annen motivgruppe er interiørbilder. Det er hovedsakelig to typer interiører; bestestuer på på gårdsbruk, og den "øvre arbeiderklassens" bestestuer. Disse står i kontrast til Julie A. Lund sine interiørbilder. Motivene er likevel de samme; ulike familier og stuene deres.

Steinkopf Wold var særlig kjent for sine landskapsbilder. Han produserte og solgte prospektkort hvor motivene ofte var rene naturbilder, bygdelandskap eller kystlandskap.

 

Greve, Stavanger sjøfartsmuseum

Fotohuset Greve

Jan Greve hadde to fotobutikker i Stavanger. Den ene lå i Laugmannsgt. 4 og den andre i Kirkegt. 8. Fram til 1930- 1940 var det hovedsakelig Jan Greves far, Arent Theodor Greve som fotograferte. Negativarkivet ved Stavanger Sjøfartsmuseum består av 2376 hovednumre i tillegg til undernummer. De eldste negativene er glassplater, de nyere er nitratfilm. Negativarkivet ble overført til museet i 1973.

Motivene i Greve-arkivet er landskapsprospekter med båter og fiskere på felt, og jordbruksområder rundt Stavanger. Andre motiver er bybilder fra Stavanger og Sandnes sentrum med omegn. Noen av disse er trolig fra årene rundt 1900. Arkivet inneholder også gatebilder og dokumentasjonsbilder av ulike foretninger i Stavanger sentrum. En siste kategori er høytidsbilder som omfatter feiring av 17. mai i Stavanger, kong Haakon 7.s åpning av Sola lufthavn og bilder fra diverse opptog og stevner.

 

Erling Søiland, Stavanger sjøfartsmuseum

Erling Søiland (28.05.1889- )

Arkivet består av glassnegativer, nitratnegativer og smalfilm og utgjør 4522 hovednummer i tillegg til undernummer. Erling Søiland startet foretning på Skagen i 1915 og etablerte Søilands Papirhandel, Erling Søiland AS i Kirkegaten 7 i 1918. Der drev han sammen med sin kone både papirhandel og fotografisk foretning fram til 1961. Erling Søiland solgte fotografiapparater og fotoalbum og tok imot filmer for framkalling og kopiering. Tidlig på 1920-tallet begynte han å fotografere, blant annet for Stavanger Aftenblad og for politiet, som ikke hadde egne fotografer. Han tok også oppdrag for foreninger, bedrifter og private og var alltid til stede ved 17. mai-arrangementene. Arkivet omfatter perioden ca 1900- 1950, med hovedvekt på årene ca 1910- 1940. Søilandarkivet kom til sjøfartsmuseet i 1984.

Arkivet utgjør hovedsakelig 17.mai (og 1. mai ?)- bilder. Andre motiver er gatebilder fra Stavanger by, bilder fra militær- og sivilforsvarsøvinger, kronprinsfamiliens besøk i 1939, freden i 1945 med mere.

 

Stavanger skolemuseum

Stavanger skolemuseum ble etablert i 1925 og er et spesialmuseum for skolehistorie i Rogaland. Museet dokumenterer og formidler utviklingen av grunnskolen fra 1700-tallet fram til i dag.

Skolemuseet viser klasserom fra 1920-tallet og 1960/70-tallet, en omgangskolestue, et formingsrom med gjenstander og elevarbeid fra sløyd, håndarbeid og tegning og en rikholdig boksamling. Et naturfagrom er under utbedring.