Kjenner du motivet?
[Klikk på biletet dersom du kjenner motivet] [Fleire bilete]
 
 
Fotonettverk Ro... / Aktuell informa... / Fotoutstilling på Egersund Fayancemuseum  

Fotoutstilling på Egersund Fayancemuseum

Dalane Folkemuseum opnar torsdag den 31 mai 2012 temautstillinga Bildene forteller på Egersund Fayancemuseum. Dette er ikkje ei ”vanleg fotoutstilling” der målet er å visa så mange fotografi som råd. Museet ønskjer i staden å presentera fotografiet som kjelde til lokalhistorisk kunnskap og erkjenning. Ved å visa eit utval fotografi i stort format og i ein gallerisituasjon håpar museet at publikum ser detaljar og kvalitetar ved fotografia som vi ikkje ser så lett når vi studerer originalane. Utstillingsfotografia har eit stort spenn, både i typar, tid og innhald. Vi kan studera både arrangerte atelierportrett, reportasjefoto og såkalla snapshots.